Denne sida inneheld valgmenyar for demonstrasjon av måten Kartverket sitt API («Application Programming Interface») mot vasstandsdatabasen verkar. Dei fleste kommandoane vil returnera eit XML-formatert svar, og url-en for den kommandoen vil bli vist i adressefeltet øvst i nettlesaren din.
Spesifikasjonen for dette API-et: API for water level data. Communication protocol (finns berre i engelsk versjon, pdf).
API-et er til fri bruk. Men du vil sjølvsagt passa på å ikkje belasta API-et unødvendig hardt. God programmeringspraksis betyr mellom anna å lagra statiske data lokalt og avgrensa spørjingar mot databasen til det nødvendige minimum. API-et kan handtera bortimot 20 spørjingar i sekundet, men hugs at du deler denne ressursen med alle andre brukarar. API-et framleis ikkje heilt stabilt. Det kan av og til henda at det ikkje kjem svar i nokre minutt.
Hugs å lesa Vilkår for bruk. Kartverket sine data er lisensiert etter Creative Commons Attribution 4.0 international (CC BY 4.0).
Enkel versjon for henting av vasstandsdata: https://vannstand.kartverket.no/tidepos_no.html
Data i posisjon |
|
|
Nivå i posisjon |
||
Stasjonsnivå |
|
|
Tidvatntabell i pdf-format |
||
Havnivåendring |